No er det chill. Full chill. Men det komme det ikkje til å bli om en time - halvanna time. Då er det STRESS!
Så, istedenfor å "forberede" meg til stresset seinare, tar eg det med ro no :) Sette meg i sofaen med beina i kors og dataen på fanget ser på Gilmore Girls :) Den episoden her har eg sett før. Det er kjedelig, når du har sett en episode før. Eg syns at det alltid skulle vert nye episoda. Sjøl om det kanskje hadde vert litt vanskelig i lengden...
Idagtidlig fikk eg rett og slett ikkje tid til å lese ferdig firda, så eg satte meg ned på gulvet i stua med Småen å leste den når eg kom heim fra skulen. Og det stod masse spennande i Firda idag, faktisk.
På framsida var det et lite bilde fra reklame-innspillinga igår, der Sunniva lyyyyyste opp heile bildet (og blei heftig mobba for det av Stian idag..), og det var allerede på første sida INNI avisa. Då leste eg no det, og blei litt skremt når eg leste at dei håpte at den kanskje var så bra at den kunne spillast i heile landet. Sjøl om eg trur det er lite sannsynlig, for nåke som er laga i Førde kan ikkje blir så bra at dei vil vise den all-over. Men det var skummelt anyway.. Ikkje det at eg trur eg syntes så godt heller. Eg var jo bare baki bakgrunnen liksom.. Men skummelt alikavell ja :)
Så bladde eg vidare i avisa, og fant et lite bilde av Ole Martin, godgutten vår :D
Mens eg leste blei eg forresten slått av tanken OM; At eg syns at vi skal dra på et renn en gang i heie på han! :D
Då trur eg faktisk at han hadde blitt glad :)
Menmen.. Vi er glade i han hvertfall!
Så kom dei litt meir triste sidene i avisa. Først leste eg fra minnestunda til han Vold. Han blei så vidt 19, og han var forlova. Uretferdig altså..
Så leste eg om Geir Rørstadbotn, som er faren til han Sindre Rørstadbotn som vi veit kem er. Han hadde visst kreft ganske lenge sa Kjell Ove (onkelen min som var på middag her igår).
Maah, sånt er trist.
Men no skal eg ut med Småen, åsså er det middag. Så skal eg på sang, også skal eg FORT (FORT som i at eg må bruke under 10 minutta på det) heim å skifta, åsså er det rett på ridetime.
Opptatt idag ja, det kan du sei.
Seinare idag skal eg legge bilde inn på dataen fra mobilen min, og legge bildet til diverse blogginnlegg. Stikk innom seinare! :)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar